Hopp til hovedinnhold

Me startar turen med å gjera deg trygg i kajakken og i vatnet. Du får ein gjennomgang av korleis elva fungerer og korleis du kan bruka straumar og bølgjer til å enkelt styra kajakken. Me lærer deg det grunnleggande du treng av teknikk og padling, slik at du og kajakken din kan gli, sprette og surfa nedover elva.

Gjennom heile turen er du saman med ein av våre erfarne og godkjende instruktørar som held auge med tryggleiken og sørgjer for ei god oppleving. Du kan konsentrera deg om å nyta naturen og ha det skikkeleg moro i elva!

Vanskegrad: Middels
Aldersgrense: Frå 12 år
Erfaring: Ingen erfaring nødvendig
Krav: Du må vera trygg i vatn og kunna symja
Inkludert: Instruksjon, utstyr og transport
Ta med: Badetøy og handkle

Oppmøtestad: Kayak Voss, Flyplassvegen 135

Tidspunkt:
Halv dag (3–4 timar): kl. 09.00 eller kl. 14.00
Heil dag (ca. 6 timar): kl. 10.00

Dersom du treng ytterlegare informasjon eller har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med oss:
kayakvoss@gmail.com
+47 46 29 79 37

Kilde: Visit Voss

Priser

Fra:
NOK 1 500

Kontakt

Adresse:
  • Bjørkemoen
  • 5709
Telefon:
46297937
E-post:
kayakvoss@gmail.com
Nettside:
www.kayakvoss.net/

Hvor er Elvepadling med Kayak Voss