Turen tek deg med ut mellom holmar og skjer i vakre Fitjarøyane, med båttur frå Fitjar sentrum til visningssenteret ved Dyrholmen. Her ventar guida omvising, lusespel for born, smaksprøvar av aure og moglegheit for matservering.
Undervegs kan du vere heldig å få sjå havørn som svevar over fjorden!
Kva kan du oppleve på Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter?
Ei visning hos Engesund gir deg eit unikt innblikk i moderne norsk oppdrett.
Dette er inkludert:
Ei visning hos Engesund gir deg eit unikt innblikk i moderne norsk oppdrett.
Dette er inkludert:
- Båttur gjennom Fitjarøyane
- Omvising på merdkanten med tett møte med auren
- Besøk i museet under flåten med historie frå kyst- og oppdrettsliv til moderne oppdrett
- Smaksprøve av aure
- Lusespel og fargelegging for born
- Moglegheit for matservering etter avtale
Visninga varer vanlegvis rundt 2 timar, men kan variere etter opplegg og gruppe. Med matservering varer besøket ofte rundt 3 timar.
Kven passar Engesund Visningssenter for?
Eit besøk passar for alle aldersgrupper, frå familiar med små born til skuleklassar, venegjengar og seniorar.
Kva er opningstidene til Engesund Visningssenter?
Opne for visning heile året
Engesund Visningssenter held ope heile året, men alle besøk og omvisingar må avtalast på førehand.
Omvisningar blir vanlegvis lagt til kl. 09.00 eller 13.00 måndag til fredag. Andre tidspunkt kan avtalast for større grupper eller særlege behov.
Kontortid:
Måndag til fredag kl. 08.00–16.00
Opningstider i sommarferien 2026
Frå midten av juni til midten av august
Måndag-sundag kl 10.00-18.00
Guida tur kl. 11 og 14
Kafé open kl. 12.00-17.00
Resten av året må turar og matservering bestillast seinast dagen før.
Prisar på Engesund Visningssenter
Vaksne kr. 300
Born kr. 200
Studentar/pensjonistar kr. 200
Familiebillett (2v+2b) kr. 700,- (kr. 50,- per ekstra barn).
Gratis for skuleklassar, barnehagar og frivillige lag og organisasjonar.
Båtturar i Fitjarøyane
Opplev den vakre skjergarden med RIB eller turbåt:
10 000,- per time per båt
5 000,- per time i samband med visning
Ventetid: 2 000,- per time
Gratis omvising for gjester som kjem med eigen båt.
Sertifisering
Engesund er sertifisert gjennom ASC (Aquaculture Stewardship Council), eit leiande internasjonalt program for berekraftig oppdrett. Dei er også sertifisert innan IPM og Whole Foods.
