Mellom fjorden og frodige fjellsider i fruktbygda Sekse, midt i eit av dei eldste og mest tradisjonsrike fruktdistrikta i Noreg, finn du Epli Sideri – eit moderne sideri med djupe røter i lokal historie. Det heile starta i 2015, då brørne Kristian og Karl Magnus tok over familiegarden og byrja å laga eplemost og sider under namnet Hardangergutane. Sidan den gong har både produksjonen og familien vakse, og i dag er det Inger og Kristian som driv garden og har gjeve verksemda nytt namn, men med den same gode smaken.
Frå Hardangergutane til Epli Sideri
Namnet Epli kjem frå eit gamalt ord for eple, brukt i daglegtale i Hardanger heilt tilbake til norrøn tid. Det nye namnet markerer starten på ei ny epoke. Frå 2024 var produksjonen tilbake på garden på Sekse i nybygde og moderne lokale. Her har Inger og Kristian planta nye frukthagar og jobba vidare med å utvikla eit sideri som tek vare på både handverket og naturen.
Smaken av Hardanger – frå tre til glas
Epli Sideri lagar eit breitt utval av produkt basert på eple og andre bær - heilt utan kunstige tilsetningar. Alt blir hausta for hand, pressa med omsorg, og utvikla med respekt for råvaren.
Inger er utdanna Pommelier, eit fagfelt som kombinerer sensorikk, tradisjon og kunnskap om siderens kulturelle og geografiske særpreg. Dette gjev Epli Sideri eit unikt fagleg fundament i utviklinga av produkta og eit løfte om kvalitet i kvart glas, uavhengig av kva drikke ein vel.
Gardsutsal og smaksopplevingar
I det nye sideriet finn du eit ope gardsutsal med produkt som ikkje er tilgjengelege andre stader - perfekt for deg som ønskjer å ta med noko ekte og lokalt heim. Her tek dei også imot grupper for sidersmaking etter avtale, der du får:
- Smaka tre ulike produkt kombinert med lokale ostar og spekemat
- Vandra i frukthagen og bli med inn i produksjonslokalet
- Høyra historia bak garden og få innblikk i prosessen frå frukttre til flaske
Smaksopplevinga varar om lag. 1,5 time og er tilpassa både nyfikne nybegynnarar og deg som alt har ein fot i siderverda. Alkoholfrie alternativ er også sjølvsagt tilgjengeleg.
Berekraft i fokus
Hjå Epli Sideri går kvalitet og berekraft hand i hand. Restar frå produksjonen blir nytta som dyrefôr hos bønder i nærområdet, og både frukthagen og produksjonen er bygd med mål om å forvalta ressursane på ein måte som tener både natur og folk.
Velkomen til Sekse og Epli Sideri.
