Hopp til hovedinnhold

Vatnet har godt med fisk for dei som er interessert i det, og fin badeplass for ungar. Overnatting kan gjerast i gapahuken, der er liggeplass til mange. Den er open for alle.

Turen går i lett terreng, det er nesten berre to motbakkar - ein i starten og ein når det nærmar seg slutten på turen. Råsa er for det meste god , og ho er godt merka. Det bør reknast 1,5-2 t. på turen, alt etter alder og form.

Turen startar i Krokvika. Der er det godt med parkeringsplass. Det er lettast å kome set til startstaden med bil, men det er og bussruter som går forbi.

Kategori: Barnevennleg

Hvor er Familietur til Brudevikvatnet og gapahuken?