Hopp til hovedinnhold

Vatnet er langstrakt og ligg 333 meter over havet. Namnet har vatnet fått av fjellet Helgehornet (514 moh) som ligg nokre hundre meter nord for vatnet.

Lettaste vegen opp til vatnet går frå Sunndalen, der ein kan følgje traktorvegen som går østover opp forbi Grupsehaugen. Alternativ adkomst er frå Hellebust, der ein også har fin traktorveg nesten fram til vatnet.

Helgehornsvatnet utmerkjer seg med den spesielle geologien som ein finn rundt vatnet. Grunnen til dette er den vakre granatpridotitten som ligg i austenden av vatnet, og som i dag er naturvernområde. Ved parkeringa i Sundalen finn ein Peridotplassen der ein kan leite etter og plukke eigne edelsteinar av peridot. Peridot er krystallisert rein olivin, danna under enormt trykk i nærleiken av mantelen i jordas indre. På Norsk Olivinsenter på Åheim kan ein også sjå flotte Peridot-krystallar. “Fra Sunnmøre til månen” er ein fin tur i dette området som tar for seg historia til NASA, som måtte vite om berggrunnen i dette området for å kunne lande på månen.

Kategori: Barnevennleg / Grøn

Hvor er Familietur til Helgehornsvatnet?