Hopp til hovedinnhold

Finnafjorden er den minste av fjordarmane, men kanskje også den mest spesielle.

Der ligg dei veglause gardane Finden og Finnabotnen. I år 2002 var Finden med i tv-programmet «Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Garden Finden fekk i 2006 Bygdeutviklingsprisen. Her bur det i 2018 berre 4 menneske. Dei driv med gardsturisme og geitehald. Opphavet til namnet har vore omstridt. Det vert uttala «'fid'n», og skrivemåten har variert mellom Fynne, Finde(n), Finnen og Fidnen. I det smale sundet ved Finden kan du sjå korleis eit fjordsystem fungerer i praksis med straumen som går ut og inn. Synnøve Finden, ein av dei mest kjende osteprodusentane i landet, var fødd og voks opp her.

Finnafjorden på midten nesten er delt i to – der garden Finden ligg. Eit nes stikk fram i fjorden, og den ytste delen av neset ber namnet Holmen, som stikk litt opp med ei høgde på 6-7 m midt på. Den smale passasjen mellom neset og landet i aust heiter Straumen (straum ved flo og fjøre), som Hoprekstad kalla «ein grunn straum». Dei reknar med at både neset og holmen er del av ei endemorene, sidan der ikkje er fjell, berre store steinar. Holmen har nok vore skilt frå land tidlegare, og det låge eidet over til Holmen vert kalla Vetlestraumen. Ola Stemshaug refererer til at heimelskvinna hans «fortel da og at først i dette hundreåret kunne ein ro gjennom han på høg flo» (= tidleg på 1900-talet). Vetlestraumen er no fylt opp med stein.

 

Kontakt

Adresse:
  • Finnen 7
  • 6893 Vik i Sogn
Telefon:
+47 917 89 294
E-post:
info@finnabotnen.no
Nettside:
finnabotnen.no/

Hvor er Finnafjorden/Finnabotn?