Hopp til hovedinnhold

Bu på Nesheim Camping og test fiskelykka

Bjordal er eit fantastisk utgangspunkt for aktivitetar og på Nesheim Camping kan du leige båt og prøve fiskelykka.

Sognefjorden er i seg sjølv ein severdighet og eit eldorado for fiskeinteresserte. Her finnes det mellom anna brosme, lange, lyr, kveite og ikkje minst sjøaure. Fuglsetfjorden, sidearmen av Sognefjorden der Nesheim Camping ligger, er særleg kjent for gode fangster, og dei har gjennom ei årrekke huset fiskeentusiastar på jakt etter storfisken.

Området rundt Bjordal har eit meget godt renommé i fiskemiljøet nasjonalt og internasjonalt. Her er nokre historier frå entusiaster som har budd hjå dei, og som har opplevd fine dagar med spennande fiske:

Sprek storsei og syngende sneller i Sognefjorden.
Langt nede i Sognefjordens dyp.
Lysingjakt i Sognefjorden.

Leige av båt:

Nesheim Camping har 11 båtar til utleige, frå 25 hk til 100 hk motor mellom 14 og 21 fot store. Nesheim Camping er registrert fiskecamp gjennom Fiskeridirektoratet der gjestene må registrere fangsten sin. Les meir her om fiskeridirektoratet.

Kontakt

Adresse:
  • Hest
  • 5962 Bjordal
Telefon:
99526834
E-post:
post@nesheim-camping.no
Nettside:
www.nesheim-camping.no/aktiviteter/#fiske

Hvor er Fiske Nesheim Camping