Hopp til hovedinnhold

FJORDFISKE: Fiske i fjorden er fritt. Turistinformasjonane i destinasjonen sel fiskekort og kart for aurefiske i fjellvatna. I Aurland kommune vert det selt fiskekort for 7 ulike soner, som til saman dekkar dei fleste fjellvatna i kommunen. Det er tilbod om eit felleskort ("Aurlandskortet") som gjev høve til å fiska i alle soner. Fiskekortet gjeld i utgangspunktet berre for stongfiske, dersom ikkje anna går fram av orienteringa om dei ulike sonene. Born under 16 år fiskar gratis før 20.august. Sone 1 : Aurland Statsallmenningen Sone 2: Aurlandsfjellet langs "Aurlandsvegen" Sone 3: Viddalsdammen Sone 4: Aurlandsdalen Sone 5: Stonndalen - Hednedalen Sone 6: Flåmsdalen Sone 7: Flåm vest Hugs bandtvang for hund - i Aurland komune er det bandtvang frå 1. april til 30. sept. ELVEFISKE - LAKS- OG AUREFISKE Aurlandselvi(berre aurefiske) Sesong: 10/7 - 31/8 - sjøaure med fluge/makk Turistinformasjonen i Aurland sel fiskekort i Aurlandselvi for Aurland Jakt- og fiskelag . Dette omfattar 5 soner. Sone 1: Bankhølen kr. 150 Sone 3: Langehølen kr. 250 for medlemar, kr. 350 ikkje medlemar Sone 4: Tjorøyna kr. 200  for medlemar, kr. 300 ikkje medlemar Sone 6: Kleppahølen kr. 200 for medlemar, kr. 300 ikkje medlemar Sone 7: Prestøyna kr. 150 for medlemar, kr. 250 ikkje medlemar - gjeld juli mnd

Sone 7: Prestøyna kr. 250 for medlemar, kr. 350 ikkje medlemar - gjeld august mnd

Fisketida er frå kl. 1200 ein dag til kl. 1200 dagen etter. Det er lov å fiska med flue når taumen utgjer kastevekta. Ein kan også fiska med mark - søkkevekt maks 5 gram. (dette tilsvarar 5 stk. 5 mm splitthagl). Alle andre typar søkke er forbode. Frå 1. sept. er det berre tillete med flugefiske nedanfor Lovisbrua. Gjeldane minstemål er 35 cm. Fiskeretten går midtstraums i elva. Døgnkvote er 1 stk. FISKE I VASSBYGDVATNET Sesong: 10/7 - 31/8 Fiskekort kan kjøpast i turistinformasjonen i Aurland . SMÅVILTJAKT Fjellrypa er det vanlegaste småviltet. Den er vanleg ved grassletter og i steinurer frå vierbeltet og opp i dei høgste toppane. Lirypa lever i vierbeltet og øvst i bjørkebeltet. Anna vanleg småvilt er hare og litt raudrev. Småviltjakta startar 15. september i statsalmenningen og i nokre private sonar. Før 1. oktober er det forbod mot bruk av hund. I kommunen er det bandtvang for hund frå 1.april til 30.september. Turistkontoret sel kort for sonene: 1 - Statsallmenningen 2 - Aurlandsfjellet (Aurland-Lærdal) 5 - Skjerdal Sameige

Kontakt

Adresse:
  • Botnatunnelen
  • 5745 Aurland
Telefon:
+47 99 56 76 09
E-post:
arne.veum@aurlendingen.no
Nettside:
www.njff.no/sogn-og-fjordane/aurland

Hvor er Fiske og jaktinformasjon- Aurland?