Hopp til hovedinnhold

Men viss ein ynskjer ein tur i eit terreng der ein store delar av turen kan gå fleire i breidda i lett terreng, og i tillegg kunne nyte utsikten er det eit godt val å starte på parkeringsplassen på enden av vegen i Årskogdalen på Rovde. Då får ein starte over tregrensa frå parkeringsplassen på 460 moh. Allereie her er det utsikt over øyane mot nord.

På god sti kjem ein fort opp til Myrkevatnet. Der går ein langs ein bergrygg mot vest til ein ser fjellplatået vestover. For dei sosiale fjellvandrarane er dette eit fantastisk område. Her kan ein gå jamsides i gras- og blomstereng og prate, samstundes som utsikta blir betre og betre. Fjelltoppane her er på knappe 1000 moh og utsikta er storslått mot nord og aust. Returen tilbake til Årskogdalen går fort i lett terreng, men ein må setje av ein dag skal ein få fullt utbytte av denne turen, viss ein då ikkje heller vil bruke ei natt midtsommars og oppleve fantastiske fargenyansar med solnedgang og soloppgang, og i dei blå timane i mellom.

Hvor er Fjelltur til Breiteigsfjella og Skåranipa?