Hesjetinden ligg på 480 meter over havet, og har ein flott utsikt over Åfjorden og Lihesten. Dette er ein tur som passar heilt familien, året rundt.
Kor ligg Hesjetinden?
Hesjetinden ligg i Hyllestad kommune. Hyllestad ligg ytst på nordsida av Sognefjorden, og du kan enkelt komme deg hit ved å enten køyre bil eller å ta ekspressbåten som går mellom Bergen - Sognefjord / Bergen - Selje.
Kor startar turen i frå?
Turen til Hesjetinden startar frå Akse. Her finn du ein flott parkeringsplass. Frå Akse kan du kombinere turen med eit stopp på dagsturhytta Sørefjordhytta, før du går vidare mot toppen av Hesjetinden. Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein halvtime. Turen frå dagsturhytta til Hesjetinden tek deg om lag ein halvtime til.