Hovdeåsen er eit fint turmål i Hundeidvik i Sykkylven. Den har lett vanskegrad og ein kan velje mellom to stiar. Når du kjem opp vert du belønna med ei nydeleg utsikt utover fjorden og øyar ute i havgapet.
Frå fylkesvegen er det om lag 200 m. stigning til toppen. Du kan anten bruke den oppmerka turstien frå fylkesvegen på Myrseteide, skiltet til Hovdeåsen viser kvar stien startar, eller du kan følgje turstien frå Urkegarden på Hovden. Den førstnemnde tek ein liten time den sistnemnde ein halvtime i roleg tempo. Begge løypene er trygge og barn kan trygt gå denne turen.
Vandring
Fjelltur til Hovdeåsen i Sykkylven
Ein fjelltur på Hovdeåsen (369 moh.) er å anbefale då ein får ei nydeleg utsikt over fjorden og øyane ute i havgapet.
Kontakt
- Adresse:
- 6224 Hundeidvik
- Telefon:
- +47 70 30 98 00
- E-post:
- info@visitalesund.com
- Nettside:
- morotur.no/tur/hovdeaasen-i-hundeidvik
Fasiliteter
- Barnevennlig:
- Total stigning:
- 258m
- Vanskelighetsgrad:
- Lett (grønn)
- Avstand:
- 2.6km
- Varighet:
- Kort tur (0,5-3t)
- Sesong:
- Høst
- Vår
- Sommer
- Underlag:
- Sti
- Terreng:
- Skogsområde
- Fjellområde