Guide kajakktur med Fjord Active frå Kjørnes Camping
Turen startar med å bli kjent med alle deltakarar, samt at de får møte guiden som skal vera med dykk.
Guiden vil visa dykk utstyret, og gje tips og råd om enkel padleteknikk, for å gjere turen både trygg og konfortabel.
I stabile og trygge dobbelt kajakker utforskar me fjorden. Ei fantastisk naturoppleving, der du kjem tett på naturen. Dersom de er heldige, får de sjå niser, sel, eller fuglar på turen.
Turen går innover fjorden til ei flott strand, og om veret er bra er det molegheitar for å bada. Ta med badeklede!
Ei herleg kjensle å sitta i kajakken, når dei snøkledde fjella speglar seg i blikkstille fjord!
Bli med Fjord Active på tur.
Praktisk informasjon
Alder: 7+
Tid: 2,5 time
Kajakk, åre, padlevest og spruttrekk er inkludert.
Kle deg etter været, men det kan vera lurt å unngå bomull, då dette er vått, og klamt.
Ta og med ein jakke som tåler vind og regn.
Ein caps, og solbriller er godt å ha.
Badeklede og hånklede, om ønskeleg.
Pakk gjerne det du skal ha med ned i ein tett plastpose, eller ein pakkpose, så held det seg tørt.
Oppmøtestad:
Turen startar frå Kjørnes Camping, ca 4 km utanfor Sogndal, på RV 5, retning aust.
Det er god parkeringsplass på staden. Parker på oppmerka plass for Fjord Active.
Det er gang og sykkelveg heile vegen frå Sogndal til Kjørnes Camping.
Buss til Kjørnes Camping
Det er og buss, som går frå Sogndal skysstasjon klokka 08.40
(08.41 i sentrum)
Gå av bussen ved stopp Kjørnes Camping. (ca 5 min med buss frå Sogndal)
Det er ca 7 min å gå frå busstopp til oppmøteplass.