Hopp til hovedinnhold
Bestill

Opplev ein rundtur med Norled frå Lavik til Vik med fjordcruise

Bli med på ei uforgløymeleg rundreise gjennom den mektige Sognefjorden, der høge fjell, brusande fossefall og idylliske fjordbygder dannar ramma rundt reisa. Med Norled sin komfortable ekspressbåt får du oppleve verdas lengste og djupaste fjord frå beste utsiktspunkt – sjøvegen.

Bestill din tur her

Fjordcruise frå Lavik til Vik

Turen frå Lavik til Vik går med Norled Ekspressbåt, som seglar dagleg heile året. Len deg tilbake og nyt den storslåtte naturen medan båten glir gjennom det vakre fjordlandskapet. Ombord finn du kiosk med sal av mat og drikke, slik at du kan kose deg med noko godt medan du nyt utsikta.

Avgangar frå Lavik:

Kl. 10:20 – ankomst Vik kl. 11:35
Kl. 19:00 – ankomst Vik kl. 20:13

Retur frå Vik til Lavik

Etter ein innhaldsrik dag i Vik kan du ta ekspressbåten tilbake til Lavik.

Avgangar frå Vik:

Kl. 08:08 – ankomst Lavik kl. 09:21
Kl. 17:10 – ankomst Lavik kl. 18:20

For oppdaterte rutetider og billettar:

Sjå rutetider her

Opplev Vik – historie, lokalmat og aktivitetar

Vik byr på spennande opplevingar for både kulturinteresserte og eventyrlystne. Berre om lag 20 minutt til fots frå kaien ligg den vakre Hopperstad Stavkyrkje, ei av dei eldste og best bevarte stavkyrkjene i landet.

På vegen kan du stikke innom Tine Ostebar og nyte ein smakfull lunsj. Vi anbefaler eit ostefat med den lokale spesialiteten Gamalost – ein unik smak av norsk mattradisjon.

Ynskjer du å lære meir om historia og kulturen i Vik, kan du bestille guida tur gjennom Sylvringen.

For deg som vil oppleve fjorden på nært hald, tilbyr Vik Adventure guida RIB-turar og fisketurar med utgangspunkt frå kaien i Vik. Dette er ei flott moglegheit til å sjå fjordlandskapet frå eit heilt nytt perspektiv.

Treng du meir informasjon?

Dersom du ønskjer tips til aktivitetar, serveringsstader eller hjelp med planlegging av rundturen, kan du kontakte resepsjonen på Lavik Fjord Hotel & Apartments. Dei hjelper deg gjerne med å få mest mogleg ut av opphaldet i både Lavik og Vik.

Hvor er Fjordcruise Lavik - Vik