Hopp til hovedinnhold
Bestill

FjordGuiding skreddarsyr eit spesialtilbod til deg som ønskjer å leige heile båten! Her kan du oppleve den vakre skjergarden frå Gulen i sør til Florø i nord i høg fart og spenning. Ta med vennegjengen, tilsette eller familien på ein oppleving de seint vil gløyme.

FjordGuiding kan skilte med ein unik skjergardsnatur og eit rikt dyreliv, fjordsafari til ein av fjordane, eller ein kombinasjon av fartsfylt tur med mat og-eller aktivitet. Moglegheitene er mange, og FjordGuiding vil skreddarsy det som er best for deg og dine.

Anbefalte rutar

Kvar tur startar med at FjordGuiding møter deg langs FjordKysten etter avtale. Der vil du få nødvendig utstyr og informasjon om turen. Så snart heile gruppa er klar går man til båten der du vil få tildelt ein plass av kapteinen. Her vil kapteinen ta deg gjennom ein sikkerheitsinstruks før båten kastar loss.

Havrafting frå Askvoll eller Florø

FjordGuiding tar dykk med på ein tur i havet vest om Askvoll mot øyane Værlandet og Bulandet. Her får du verkeleg kjenne på adrenalin og naturkreftene havet har å by på.

Skjergardssafari frå Askvoll eller Florø

Opplev skjergarden langs Vestlandet. Her er eit rikt dyreliv, og er du heldig vil du få eit glimt av ørn, kobbe og fuglar. Turen startar etter avtalt oppmøte plass, og båten set kursen inn mellom holmar og skjer. Vikingtida har satt sitt preg på Vestlandet, og du vil bli med tilbake i tid for å minnast om slaget som ein gang var på dei forskjellige plassane.

Dalsfjordsafari frå Askvoll eller Dale

Turen startar i Askvoll, og båten tar dykk med på ein rundtur innover Dalsfjorden. På veg innover passerar båten ei rekke med små bygder. Innerst i Dalsfjorden vil båten ha eit stopp ved Laukelandsfossen. Her er det mogleg for enkel bevertning. (Pris kjem i tillegg)

Viktig informasjon

Kapasitet

Ein båt kan ta inntil 12 personar, og FjordGuiding kan stille med 2 båtar på same tid. Tar kvar båt to turar på 30 minutt kan FjordGuiding på ein time køyre totalt 48 personar.

Varighet

Turen kan vare så lenge du måtte ønskje. Normalt anbefalast ein tur på minst 1 time, men dette kjem an på kva setting det er snakk om. Er det kun snakk om ein liten kickstart på eit arrangement kan 20-30 minutt vere nok.

Minimumsleige per båt er 1 time!

Pris

Kostnaden er basert på timesleige. Du leiger ein heil båt og betaler same pris om dykk er 5 eller 12 personar.

Pris for tur på ein time med start/slutt Askvoll er 8900,-. Pris for tur på ein time med start/slutt Florø er 9200,-. Satsen på leige for andre time er lågare enn første på begynte time. Dette er også minimumsleige.

For båt nummer 2 tilkjem det tomkøyringskostnad.

Pris per person vil variere basert på tal personar. Den billigaste varianten er å ha ein båt som køyrer fleire korte turar.

Møteplass

FjordGuiding vil møte deg der du ønskjer! For turane ut til havet vil det vere best å starte opp i Askvoll eller Florø, men vi hentar deg der du vil mot tillegg i prisen.

Utstyr

Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen, og du kan komme slik du er!

Fart

Båtane har ein marsjfart på 35 knop, og ein toppfart på 50

Køyrerute

Der du måtte ønskje. FjordGuiding gir forslag basert på kva du er ute etter å oppleve

Sesong

Heile året!

Priser

Fra:
NOK 8 900

Kontakt

Adresse:
Telefon:
99478212
E-post:
askvoll@fjordguiding.no
Nettside:
www.ribaskvoll.no/havrafting-askvoll

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er FjordGuiding | RIB Charter?