Hopp til hovedinnhold

Historisk viking cruise frå Sogndal og utover til Fimreite

Opplev historien om Slaget ved Fimreite og ubåtjakta i Sognefjorden under den kalde krigen på ein fjordekskursjon til Fimreite og tilbake (1 time 40 min). Ta turen som ei rundreise (Sogndal - Fimreite - Sogndal), eller bestill ein av våre sykkelpakkar der du kan ta båten til Fimreite, og sykle den vakre vegen frå Fimreite til Sogndal. 

Slaget ved Fimreite

15. juli 1184 om kvelden møttest Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson til eit stort sjøslag ved Fimreite. 40 langskip deltok i slaget – Magnus hadde 26 skip og Sigurd 14. Hæren til Magnus talde ca. 3200 mann, medan Sverre sin hær talde ca. 1900. Vel 5000 hærmenn deltok såleis i slaget. Slaget ved Fimreite var brutalt. Tapa vart i Sverresoga oppgitt å vera 2160 mann. Magnus hadde dei klart største tapa. Mange av hans menn drukna då tre eller fire store slagskip sokk under vekta av hærmenn som flykta i panikk om bord på desse skipa. Kong Magnus var mellom dei som drukna ved Fimreite. Liket vart funne ni dagar etter slaget. Han vart ført til Bergen og gravlagd der. Mange falne vart gravlagde på Danøyri på Slinde-sida.

Den dramatiske ubåtjakta

I tillegg til historia om slaget ved Fimreite får du og historia om den dramatiske ubåtjakta. Søndag 12. november 1972 såg fem personar på Vangsnes eit periskop i sjøen på veg innover fjorden. Sjøforsvaret vurderte observasjonen som påliteleg, og reagerte raskt. Store forsvars-ressursar vart sette inn til sjøs og i lufta. Måndag 20. november brukte fregatten KNM «Trondheim» synkeminer mot det som vart oppfatta som ein framand ubåt ved Breisnes i Aurlandsfjorden. Laurdag 25. november klokka 03 gjekk den framande ubåten ut av norsk territorium, ifølgje Aftenposten. Militære kjelder sa til avisa at det var snakk om ein sovjetisk ubåt av W-klassen som vart operert av Polen eller Aust-Tyskland. Ubåtjakta i Sognefjorden er den største marineoperasjonen i Norge i fredstid.

Rundreise: Sogndal – Fimreite – Sogndal

Pris:

Vaksen (15+) 475,-

Born (5-14) 238,-

Born under 4 år: Gratis

 

Sesong: 1 juni - 31. august  

Kontakt

Adresse:
  • Kaien
  • 6856 Sogndal
Telefon:
+47 91300946
E-post:
post@fjordx.no
Nettside:
fjordx.no/

Hvor er FjordX - Historisk fjordcruise?