Tur til Flatbrehytta i Fjærland
Det er to alternative stier opp til hytta. Den eine er noko brattare og kortare og tek 2-3 timar. Den andre er litt lengre og har utsikt til brefallet ved Supphellebreen, omlag 800 meter over havet., og tek 2,5 til 3,5 timar. Stigninga er til dels bratt og krevjande. Frå Øygard i Fjærland går det ein tilrettelagt sti og steintrapper heile vegen opp i bratt terreng.
Ein heilt rå tur i bratt og frodig terreng. På denne turen blir du servert nydelig utsikt til turkise Fjærlandfjorden, Flatbrehytta med sin spektakulære utedo, utsikt til fantastiske Flatbreen på nært hold og ei perle av eit badevann eit steinkast frå hytta.
Ynskjer du guida tur - kontakt Fjærland Guiding
Turfakta:
Parkering: Parkeringsplass i Supphelledalen merka med Flatbrehytta
Lengde: 6,7 km
Tid: 5 t
Vansklegheitsgrad: Krevjande fottur
Turen går tur/retur samme veg
Sesong: juni - oktober
Høgdemeter: 980 høydemeter totalt
Toalett: Det er utedo på toppen.
Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen.
Hugs bandtvang.
Førebuing og tips:
Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.
Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt
1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder
