Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg. Kjernen i nasjonalparken er isbreen Folgefonna som er den sørlegaste og tredje største isbreen i landet. I og rundt nasjonalparken er det tilrettelagt for mange spennande friluftsaktivitetar. Bli med Folgefonni breførarlag på trugetur, brevandring, isklatring eller Folgefonna på langs på ski frå mai (overnattingstur) www.folgefonni-breforarlag.no. Sommarskisenteret FONNA Glacier Ski Resort ligg på Folgefonna og har tilrettelagt for m.a. alpint, snowboard og langrenn www.visitfonna.no. Hardanger Breføring har breføring på Buerbreen, ein arm av Folgefonna ned mot Sandvinsvatnet i Odda https://www.buarbreen.no/. Det er fire DNT hytter i nasjonalparken- Fonnabu, Holmaskjer, Breidablikk og Sauarbrehytta. Nasjonalparken grensar til kommunane Ullensvang, Kvinnherad og Etne. Meir informasjon om Folgefonna nasjonalpark.

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Hvor er Folgefonna nasjonalpark?