Hopp til hovedinnhold

Kunnskap og opplevingar BRE – FJORD – VATN – KLIMA I ENDRING
Velkomen inn i naturen!

Folgefonnsenteret i Rosendal fortel historia om breen, livet i Hardangerfjorden, vatnet si reise på jorda, berekraftig bruk av ressursane i fjorden, klima og klimaendringar. Lær om korleis menneska har brukt naturressursane på Folgefonnhalvøya gjennom tidene, heilt sidan dei første innvandrarane slo seg ned her for 9000 år sidan.

Her finn du interaktive utstillingar med informasjon om Folgefonna nasjonalpark, og kunnskap om naturen og aktivitetar rundt Folgefonnhalvøya. Hovudtema i utstillingane er vatn, og vatnet sin syklus på jorda.

Du kan og sjå 4 flotte naturfilmar:

•   «Av vatn er du komen» - ei reise i det vestnorske landskapet

•    Drama i Berg – geologi

•    Fjordens Liv – om Hardangerfjorden

•    Der Kronhjorten brøler

Folgefonnsenteret har felles billett med Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga, slik at du også kan oppleve historia om trebåtbygginga i området som var på topp frå 1850 – 1950 under besøket. Du kan også få med deg informasjon om dagens maritime næringar i området ved inngangen til museet.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Tider

februar 2026

02. februar

10:00 - 15:00

Priser

Vaksne:
NOK 125
Barn:
NOK 65
Barn opp til fylte 5 år:
Gratis
Familie (to vaksne, born u/16 år):
NOK 300
Honnør:
NOK 100
Student:
NOK 100
Årskort:
NOK 400

Kontakt

Adresse:
  • Skålafjæro 17
  • 5470 ROSENDAL
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
post@folgefonnsenteret.no
Nettside:
folgefonnsenteret.no/

Fasiliteter

Kafé:
Barnevennlig:
Toalett:
Souvenirer/butikk:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter
Miljøsertifisert:

Grønne sertifiseringer

Folgefonnsenteret har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Folgefonnsenteret