Oppdag Ulvik til fots – Frå frukthagar til fjellturar
Ulvik er eit flott utgangspunkt for turar til fots. Her finn du alt frå enkle rusleturar gjennom frukthagar til krevjande dagsturar i høgfjellet – alt på merka stiar.
Ein lett og populær tur er Liavegen og Jobykset – denne ruta startar og endar i sentrum av Ulvik. Undervegs går du forbi frukthagar og gardsutsal som tilbyr sider, juice og lokale produkt frå bygda. Her får du flott utsikt og ein smak av Ulvik, heilt utan bil.
For deg som ønskjer meir utfordrande turar, har vi fleire merka fjellruter i området:
- Midtfjell
Klassisk fjelltur med flott utsikt. Start frå parkering ved Sjusete (Vambheimsvegen). NB: Bomveg som kan vere stengd grunna ver- eller skogsarbeid. - Kristinuten rundt
Rundtur: Tunheim – Kristinuten – Jonstøl.
Parkering ved barnehagen eller båthamna aust for Strand Hotel (avgrensa kapasitet i Apalvegen/Siderruta). - Hallingskeidvegen
Historisk vandrerute frå Hallingskeid stasjon på Bergensbanen. Lang dagstur gjennom vilt fjellandskap. Endar i nærleiken av Ulvik – det er behov for transport frå enden av stien til sentrum. Det er telefondekning i siste del av Norddalen.
Sjå ruta på UT.no - Mjølfjell – Ulvik
Lang fjelltur frå Mjølfjell stasjon på Bergensbanen. Går gjennom fjell, skog og dalar, og endar ovanfor Ulvik – transport til sentrum er nødvendig så hugs å planlegge dette. Det er telefondknong når du kjem ut av Tyssedalen.
Sjå ruta på UT.no
️Planlegg turen din på UT.no – Noregs nasjonale turportal med kart, ruteinfo og GPX-spor.
Stikk gjerne innom Ulvik Turistkontor for kart og gode tips. Me hjelper deg gjerne med å finne turen som passar best for deg.
Merk: Det finst mange fleire turar i Ulvik enn det me kan nemne her. Sjå fleire turtips og utsiktspunkt i artikkelen vår:
5 fantastiske utsiktspunkt i Ulvik
