Hopp til hovedinnhold

Statuen Fridtjov den Frøkne på Vangsnes

På Vangsnes står kolossalstatuen av saga-kongen Fridtjov den frøkne. Den er 10,5 meter høg og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers. Statuen er lett synleg der den står i himmelsjå ute på Vangsnes - det som tidlegare skal ha heitt Framnes og m.a.- gav namn til den første «fylkesbaaten».

Kong Fridtjof var etter segna son av Torstein Vikingson som skal ha budd på Vangsnes, og det islandske sagaskriftet frå 1300-talet la i 1820 grunnlaget for Esaias Tegnérs romansuksess «Fridtjofs Saga». Ein av dei som las boka og let seg begeistre, var keisar Wilhelm II av Tyskland, som i 1913 fekk kosta og reist Fridtjofstatuen. Statuen er forma av den tyske kunstprofessoren Max Unger, vart frakta til Vangsnes i 15 delar og reist av 100 tyske marinesoldatar. Både etter 1. og 2. verdskrig var det på tale å rive statuen, men den fekk likevel stå.

Korleis kome seg til Fridtjov den Frøkne?

Når du kjem til Vangsnes med ferje frå Hella eller Dragsvik så ser du Fridtjov den Frøkne statuen over nokre hus. Vangsnes er ca. 10 min køyring frå Vik.

Kontakt

Adresse:
  • Vangsnesvegen 1099
  • 6894 Vangsnes
Telefon:
+47 911 30 843
E-post:
post@sylvringen.no
Nettside:
www.sylvringen.no/en/

Fasiliteter

Parkering:

Hvor er Fridtjov den frøkne