Hopp til hovedinnhold
Bestill

Yoga i naturen opnar opp for fullstendig nærvær, slik at ein tek inn alt det naturen har å by på. Det kan gi ei umiddelbar oppleving av verda - så enkelt som å bli rørt av ein vakker solnedgang eller den magiske kjensla når årets første snøfnugg landar på nesetippen.

Uansett om du er ny eller har erfaring med yoga frå før, blir timane tilpassa alle nivå og gir ein unik moglegheit til å kople deg til deg sjølv og naturen på ein og same tid.

Bli med Sjøbris Adventure på ein harmonisk og oppkvikkande yogapraksis i den fantastiske naturen i Måløy.

Yoga med vener, kollegaer og familie

Samle vennegjengen, gode kollegaer eller heile familien og nyt ein forfriskande yogapraksis omgitt av herleg kystnatur.

  • Varigheit: 1 time
  • Pris for gruppe inntil 10 personar: Kr. 2000,-
  • Pris for grupper 11-20 personar: Kr. 3.800,-
  • Inkludert: Yogamatte

Bestilling på forespørsel. Ta kontakt med Sjøbris Adventure på tlf.: +47 952 44 993 eller på e-post: post@sjobrisadventure.no.

Yoga Pop-Up

På sommaren gjennomfører Sjøbris Adventure Pop-Up timar utandørs, ved anledning.

  • Varigheit 1 time
  • Pris for Pop-Up Yoga: NOK 250 per person
  • Inkludert Yogamatte

Pop-Up Yoga vert annonsert på kort varsel, og kan bestillast og betalast på Sjøbris Adventure si bookingside: En sømløs opplevelse venter – gjør din reservasjon i dag og la eventyret begynne! (sjobrisadventure.no)

Lokal natur

Yoga i naturen kan praktiseres heile året med god tilrettelegging og tilpasning til veir og omgjevnadar. Når ein åpnar opp for det, vil ulike lokasjonar og veirforhold bringe med seg berikande nyansar og kvalitetar til praksisen.

I Måløy-området finst det ulike lokasjonar som kan passe for yogapraksis.

Refviksanden

Refviksanden er ei av Noregs vakraste sandstrender. Å gjere yoga på sanden ein solfylt sommardag, eller å nyte ein stille kveld medan sola går i havet byr på heilt unike og eventyrlege naturopplevingar.

Yoga innandørs

Yoga kan sjølvsagt også leggast til rette for innandørs. Ta kontakt med Sjøbris Adventure på tlf.: +47 952 44 993 eller på e-post: post@sjobrisadventure.no.

Yogalærer

Yogalærer Rutt-Lovise Strand har lang erfaring med yoga for både vaksne og born.

  • Facebook logo

Sjøbris Adventure

Se alle tilbudene til Sjøbris Adventure

Priser

Fra:
NOK 250

Kontakt

Adresse:
  • 6700 Måløy
Telefon:
+47 952 44 993
E-post:
post@sjobrisadventure.no
Nettside:
www.sjobrisadventure.no

Fasiliteter

Med guide:
Utstyr til leie:
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Hvor er Yoga i naturen - Sjøbris Adventure?