Hopp til hovedinnhold
Bestill

Frukt- og siderruta, den einaste av sitt slag i Noreg, er eit samarbeid mellom Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri. Samarbeidet arrangerer årleg siderslepp og minisiderslepp i mai og fruktslepp i oktober. Det er gangavstand mellom gardane frå sentrum, og alle legg vekt på å gje ulike opplevingar. Alle gardane har salsløyve for sider og utsal av ei rekke gardsprodukt.

Gardane tek i mot grupper etter avtale for omvising og smaksprøvar, min. 10 stk el. minstepris. Ta direkte kontakt med kvar enkelt gard for bestilling. Einskildturistar kan bestille omvising via Siderruta.no.

Opplevinga består av gardsbesøk med moglegheit for å handle i butikken 6 dagar i veka. Søndag stengd.

Siderfjøl/Siderplanke 6 dagar i veka. Alle gardane har sin siderplanke som kan kjøpast på garden. Det vert og råd å booke i skulderseong mellom
11-16 slik som omvising med smaking på siderruta.no

Sesong/opningstider:

Påske til jul: Alle gardane har ope 6 dagar i veka.
Jul-påske: Hardanger Saft og Siderfabrikk ope 9-16 . Ulvik frukt & cideri har ope . Syse Gard ta kontakt på dagtid.
Heile året er det mogleg for grupper å bestille omvising med smaking.
Vi har stengt helgedagar, og held oss sjølvsagt til sal- og skjenkeløyve i samband med høgtidsdagar.

Kontakt

Adresse:
  • 5731 Ulvik
Telefon:
+47 911 02 215
Nettside:
www.siderruta.no

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Frukt- og Siderruta, Ulvik