Hopp til hovedinnhold

Galleri Walaker 300 sin historie

Walaker Hotell har restaurert den gamle låvebygningen til kunstgalleri og konferanselokale. Galleriet har utstillingar med skiftande kunstnarar, og har fått eit solid namn i norsk kunstliv. Bygget, slik det står i dag, er frå 1883 med materialar frå ei gamal kyrkje, riven i 1881. Gamle stokkar med rosemåling er synlege fleire stader i bygget. Heilt fram til midten av 1970-talet var bygningen låve og fjøs, med foret i andre høgda, og buskapen i fyrste. Dei rosemåla tømmerveggane frå den gamle kyrkja(måla i 1667) var synlege bak hestane i stallen. Takhellene er i dag tunheller mellom galleriet og hovudbygningen. Fortidsminneforeningen har tildelt Walaker plaketten for framifrå restaurering.

Galleri Walaker 300 opnar dørene 10.april for sesongen 2021 kl. 13.00. Årets første utstilling, som me kallar vår/sommar utstillingen har kunstarar som føljande på utstillinga.

- Rolf Nerli - Nico Widerberg - Magne V. Kristiansen - Astrid Grue - Karin Øvstedal - Trond Are Berge

For galleribesøkande er galleriet ope Laurdag og søndag kl 12-17 Måndag til fredag stengd

Inngong kr 30,-

 

Kontakt

Adresse:
  • Solvornvegen 324
  • 6879 Solvorn
Telefon:
57682080
E-post:
hotel@walaker.com
Nettside:
www.walaker.com

Hvor er Galleri Walaker 300?