Hopp til hovedinnhold

På vegen passerer ein Sperlestølen, som er er ein vakkert plassert støl der ein ser rett over til mektige Vangsen. Stølen på Vassdalen ligg idyllisk til med mogelegheiter for både fisking og bading. Fin tur for turvande familiar.

Ta av frå vegen (Fv. 604) framover Jostedalen like etter tunnelen i Gardsjølet, litt forbi Fossøy/Sperle. Ved fyrste vegkryss skal du ta til venstre til Gardshaug. Kontakt grunneigar for bilparkering.

Stien oppover er svært godt vedlikehalden og godt merka

Etter kryssing av Liadøla på god bru er det ei lita bratt kneik opp til Sperlestølen. Her er 3 sel. Sau og kyr på beite. Sperlestølen ligg ca. 568 m.o.h. Om ein vel å gjere dette til målet for turen er det ein tur på ca. 2 timar t/r og  ca. 3 km t/r. 

Frå Sperlestølen er stien noko flatare inn mot Vassdalsvatnet, der ein rundar vatnet på søraustsida, før ein er framme på sjølve stølen. Vassdalsvatnet med stølsvollen er ein idyll, der ein kan både fiske og bade, så dette er så avgjort ein stad for heile familien.

Innover Vassdalen er det ein tidvis godt synleg sti, men sjølve dalføret endar i ein botn utan særlege sjansar for vidare avansement. For den som vil og kan gå lengre enn til stølen, kan Liastølsbreakulen vere eit brukbart alternativ, men det krev til gjengjeld høgfjellserfaring.

Kontakt

Adresse:
  • Gardshaug, Jostedal
  • 6871 Jostedal
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no/turforslag/118378/stlstur-til-vassdalen

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)

Hvor er Gardshaugen - Sperlestølen - Vassdalen?