Hopp til hovedinnhold

Ved fyrste augekast ser det knapt nok ut som noko Skifjell, men linjer dukkar opp om ein studerer terrenget nøyare. Dette er eit av dei «nye» skifjella i Jostedalen, her var det ikkje vanleg å gå før inn på 2000-talet.

Opp: Normalveg E1, GV

Frå Myri går ein berre 10 meter opp Vanndalsvegen før ein tek til venstre, nordover på den nedsnødde vegen mot Geisdalsstølen. Vanlegvis følgjer ein vegen til den krappe svingen på omlag 675 moh lengst nord og tek av inn i terrenget her, fortset nordaust brattare på opa myr.

Så følgjer ein på austsida av elva på opne myrer til ein ser vestsida av Geisdalsnosi, den einaste staden det er mogeleg å gå opp på denne sida. Frå omlag 1000 moh går det ein udefinert rygg nordaustover oppover, denne følgjer ein til omlag 1150 moh før ein etterkvart omgår bratte parti ved å gå høgre eller venstre oppover. Det brattaste partiet ligg på omlag 1250 moh, ein 4–5 meters hammar går ein tett forbi på nordsida (38 grader).

Så vidare opp til det flatar ut, herifrå litt nedover, så brattare opp inn i skuggen og sørover før ein bikkar kanten.

Ned: Ned der du gjekk opp.

Fakta:

Tid opp/ned:

3,5 – 6 timar

Sesong:

november – mai

Farar:

Fjernutløyst skred frå brattare parti over ein. Utløpsområde

Lengde ned køyring:

1020 høgdemeter

Brattaste punkt:

38 grader ved 1250 moh, 32 grader (1250-1320 moh) og 30 grader (1430).

Tips: Turen kan vanlegvis gjerast i mai også, men snøsmeltinga kan vere komme langt  i den sørvende Vetlegeisdalen så seint.

Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25-30 grader vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan ha påverka grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ei risiko.

Ned: Vestsida direkte E1, V

Linja startar på omlag 1380 moh og dreg rett ned vestsida på sørsida av dei vanlegvis markerte hamrane på omlag 1250 moh. Mykje blindt småterreng gjer at det er lurt å følgje godt med i oppoverbakke om ein vil ned her. Mot slutten kan det vere smart å ta ein travers sørover på omlag 900 moh for å få brattare skikøyring i fal linja mot vest.

Kjelde: Friflyt.no

 

Kontakt

Adresse:
  • Jostedal
  • 6871 Jostedal
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.friflyt.no/topptur/skiturer-sogn/turbeskrivelse-geisdalsnosi

Hvor er Geisdalsnosi Topptur Jostedalen?