Hopp til hovedinnhold

Geita fyr ligg i leia på austsida av Værlandet, i Askvoll kommune. Fyrstasjonen vart tent den 1. Oktober  i 1897. Fyrbygningen fungerte som bustad for familien som stelte fyret. I mange høve bidrog både kone og barn til drifta. Fyrstasjonen blei automatisert i 1980 og freda i 1999.

Plasseringa på toppen av øya Geita i Dalsfjorden gjer den til eit markant landemerke. Anlegget representerer dei små trefyra, og den høge spisse kuppelen på lyktehuset gir det ein eigenarta karakter. Fyrbygningen har mange originale element og stor grad av opprinnelegheit.

I dag kan du leige heile fyrmesterboligen til eige bruk. Fyrmesterboligen har plass til opp til 10 personar. Du kan og leige naustet ein kveld til fest, fisking eller grilling. Er du interessert så ta kontakt med Sirpa Markkanen på tlf. 48247723. Sjå også Facebook - Geita fyrstasjon.

Kontakt

Adresse:
  • 6988 Askvoll
Telefon:
48247723
E-post:
Nettside:
fyr.no/fyr/geita-fyrstasjon/

Hvor er Geita fyr?