Hopp til hovedinnhold

Ein geosti – kva er det?

Naturen rundt deg er full av fantastiske historiar.
Vegen frå Nordrepollen oppover forbi Godalen og Markjelke og stien vidare til Botnabreo er i ferd med å bli eit mykje brukt turområde. Dalføret oppover frå Nordrepollen er dramatisk og spektakulert. Dette er eit lett tilgjengeleg område der du kan sjå korleis landskapet er forma av naturkreftene, av brear og vatn. Her kan du bli kjent med mange ulike bergarter og mineralar, og du kan sjå korleis dei vakre fjellplantene gjennom ein lang kamp for å overleva, har tilpassa seg eit barskt miljø med lite næring, mykje snø og ein kort vekstsesong. Her i dette ugjestmilde klimaet har også menneska funne seg ein plass, mat til husdyr og elektrisk energi til eit samfunn som kan synast umetteleg på naturressursar. Og hit søkjer folk langvegsfrå for å trekkja pusten, høyra lyden av ein bekk, for å samla tankane, leggja frå seg ei bør og for å henta krefter. 

Føremålet med geostien frå Nordrepollen til Botnabreo i Mauranger, er å gje eit lite innblikk i nokre ev dei fantastiske historiane i det naturlege klasserommet.

Øyresdalen
Oreskogen i Øyresdalen
Pionerplanter

Godalen
Godalsvatnet
Kulturminne
Beitemarka i Godalen
Vierkratt og bjørkeskog

Fagerdalen
Skoggrensa
Fjellflora
Høgstaudevegetasjon
Bergfrua

Botnane – eit geologisk og botanisk klasserom
Morenar
Søterot
Faldingar
Jordskjelv og jern
Vulkanar
Blå steinar – serpentinitt
Skuringsstriper
Breelv-delta

Kontakt

Adresse:
  • 5476 Mauranger
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:

Hvor er Geostien frå Nordrepollen til Botnabrea?