Hopp til hovedinnhold

Start ved parkeringsplassen ved Jostedal Hotell, Gjerde. Gå 300 meter til fots på bilvegen mot Krundalen frå Gjerde, fram til skilt merka Haugafjellstølen, på høgre side av vegen. Følg den godt merkte stien oppover til Vårstølen, der utsynet mot Jostedalen, Myrhorn og Vangsen opnar seg.

Frå Vårstølen, på vel 300 meters høgd, går stien i bratte og til dels luftige slyng opp i om lag 750 meters høgd. Her flatar terrenget ut framover mot fjellryggen like sør for Haugafjellstølen. Rett før stølen går du ned ein liten unnabakken og i vestleg retning rundt eit lite vatn. Stølshusa ligg på nordsida av dette vatnet. I nord ligg Nigardsdalen fram mot Nigardsbreen. I vest ligg Haugavarden, 1369 m.o.h. Til Haugavarden er det ein halvgod sti eit stykke på veg, medan siste delen går i ur og sva

Gå tid: 1,5-2 t
Høgdeforskjel: 180 m - 740 m
Distanse: 2,5 km ein veg
Turkart: Breheimen

Kontakt

Adresse:
  • Jostedal Hotell
  • 6871 Jostedal
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no/turforslag/118366/stlstur-til-haugafjellstlen

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)

Hvor er Gjerde - Haugafjellstølen?