Bli med på guida tur til Klemetheia, 290 meter over havet. Turen er 3,5 km på skogsveg og 15 minutt på merka sti i skogsterreng til toppen. Her kan du nyte nista di ved den idylliske Litjørna, med flott utsikt mot havet og øyriket i vest. Turen går gjennom det frodige skogslandskapet der hjorten beitar, og er du heldig får du sjå havørna flyge forbi. Turen tar ca. 2,5 time. 

Etter turen kan du vandre i tun og kulturlandskap før det blir enkel servering i tunet eller inne i det gamle stovehuset. Turen er lett til middels krevjande, men du må kunne bevege deg i terrenget utanfor sti. Det er nokre våte parti. 

Kontakt

Adresse:
  • Porten
  • 6958 Sørbøvåg
Telefon:
E-post:
booking@portengard.no
Nettside:

Hvor er Guida tur til Klemetheia - Porten gard?