Hopp til hovedinnhold
Bestill

Ønskjer du å lære meir om breen og korleis breen har påverka liv og landskap? Då kan du bli med naturrettleiaren vår på guida tur til Nigardsbreen, ein av dei mest kjente breane i Europa. Her får du sjå korleis breen har forma landskapet og høyre om den dramatiske historia då Nigardsbreen vaks og tok med seg gardshus.

Varighet

2 timer 30 minutter

Oppmøte

Nigardsbrevatnet parkering ved infoskilt ved enden av parkeringa kl. 12.30 (10 min med bil frå Breheimsenteret)

Om turen

På veg til turstart køyrer du gjennom morenelandskapet frå «den vesle istida» fram til brevatnet. Frå Nigardsbreen parkering tar vi båten for ein ekstra rundtur på det grøne brevatnet. Herifrå går vi gjennom det nyleg isfrie landskapet framfor breen. Ved utsiktspunktet tar vi ein pause og smakar på spekemat av Brelam, kjøt frå lam som beitar i dalen.

Den interaktive utstillinga på Breheimsenteret er inkludert i prisen, så sørg for å besøkje senteret før eller etter den guida turen.

Lunsj - Om du har bestilt lunsj for turen, tar guiden med denne til turstart.

Meir informasjon

Turen passer for alle aldre og tar omtrent 2,5 timer. Bestilling inntil 1t før turstart (kl. 11.30).

Kontakt

Adresse:
  • Brevegen 8
  • 6871 Jostedal
Telefon:
+47 57 68 32 50
E-post:
jostedal@jostedal.no
Nettside:
www.jostedal.com

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)

Hvor er Guida tur til Nigardsbreen utsiktspunkt?