Lær om mellomalderske marknadsdagar, gater, arkitektur, soger og personar.
Høyr om byplanar og rike handelsmenn, fattige dagarbeidarar og klasseskilje i dette viktige trafikknutepunktet mellom aust og vest.
Omvisarane er lokale folk med brei kunnskap om lokalhistoria og/eller arkitektur på Lærdalsøyri.
Oppmøte:
Vandringa startar ved «Gamlebanken» i Øyragata 11.
Lengde:
Ca 45 - 60 minutt
Språk:
Norsk og engelsk.
Bestilling:
Her kan du bestille turen. (turen må bestilles på førehand).
NB: Dersom de er ei gruppe som ønsker å gå til eit anna tidspunkt enn oppsatt, send gjerne ein førespurnad på e-post (min. 4 personar).
Korleis koma seg til Lærdalsøyri frå Bergen:
Med bil:
Køyrer du bil frå Bergen, følgjer du E16 i retning Oslo. Det tek om lag 3 timar frå Bergen sentrum. Køyrer du mellom Bergen og Oslo, er eit stopp i Lærdal midt i blinken.
Med buss:
Frå Bergen går det fleire bussar til Lærdal dagleg, til dømes NW162 Øst/Vest-ekspressen til Håbakken eller NW420 Sognefjordekspressen og VY 450 som kjører til Lærdalsøyri.
Med tog og buss:
Vil du kombinera med tog, kan du ta toget til Voss og deretter byta til dei same bussane frå Voss.
Turarrangør:
Kongevegen over Filefjell
