Hopp til hovedinnhold

På turen frå Bergen til Fjærland med Glaciertour kjem opplevelsane på rekke og rad på ein dagstur.

Avgang frå Turistinformasjonen:
Turen startar med minibuss frå Turistinformasjonen på Fisketorget i Bergen kl. 07:30, før den køyrer austover mot Voss og over Vikafjellet med eit kort stopp på Utsiktspunktet «Storesvingen» med storslått utsikt mot Vik. I Vik får du ein guida tur i Hopperstad Stavkyrkje. Frå Vik går turen vidare med båt til Fjærland. Turen på fjorden tek 1 time og 40 minuttar og billetten er inkludert i prisen.

Båten har sitteplassar innandørs samt moglegheit til å stå ute på dekk og nyte den vakre naturen. Det er ein kafé ombord som servera pasta, bagettar, suppe og forskjellige drikkevarer. (mat og drikke betaler du sjølv).

Fjærland:

Når du kjem til Fjærland kan du velgje å utforske bygda på eigenhand eller bli med på guida tur til breen og Norsk bremuseum. Tid i Fjærland: 2 timar

Norsk Bremuseum og Bøyabreen:
Veler du å bli med inn til museet og breen følger du bussen fra kaien. Både bussen og inngangsbilletten til Norsk Bremuseum er inkludert.

Etter besøket på Norsk Bremuseum fortsette bussen opp til Bøyabreen der du kan ta flotte feriebilder.

Bussen går deretter tilbake til Fjærland kai. Her tek du same båt tilbake til Vik, og buss frå Vik til Tvindefossen til Voss og Bergen.

Ankomst Turistinformasjon i Bergen kl. 20:35.

Sjåfør/guide:
Din sjåfør og guide snakkar norsk og engelsk.

Pris fra 1.950, -

Inkludert i prisen:
All transport (buss og båt) er inkludert, samt alle guida turar og inngang til alle attraksjonar. Mat og drikke er ikkje inkludert.

Hvor er Guidet dagstur til Fjærland Sognefjord?