Hopp til hovedinnhold

Tusenårsstaden Gulatinget

Gulatinget danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med eit styresett basert på representative samlingar. På Tusenårsstaden Gulatinget i Gulen finn du ein vakker park som innbyr både til ettertanke, til læring og til aktivitet - tett på kunst, kultur og natur. Her vandrar du på staden Egilsagaen fortel at Gulatinget vart flytta til.

Tusenårsstaden er open for publikum heile året, og tilbyr guida omvisning og lunsj for grupper etter avtale. Omvisningane på Tusenårsstaden Gulatinget gjev ei innføring i historia knytt til Gulatinget, Gulatingslova og Leidangen, samt kunstverka til kunstnaren Bård Breivik. Gulatinget er ein møteplass for store og små og ein arena for leik, utfalding og kulturelle opplevingar.

Historia til Gulatinget

Gulatinget danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med eit styresett basert på representative samlingar. Bønder frå heile kysten samla seg i Gulen for å utforme lover og avseie dommar i saker - i direkte forhandling med kongen. Gulatingslova la grunnlaget for at Noreg vart eit samfunn basert på lov og rett. Samstundes gav tinget oss vårt første organiserte sjøbaserte forsvar med skipinga av Leidangen. Tingsamlinga på Gulatinget varte i meir enn 400 år. Tusenårsstaden Gulatinget er ein moderne tingstad, med kraftfulle uttrykk, passande for ei ny tid. På tusenårstaden kan folk på ny kome saman og drøfte aktuelle saker som dei er opptekne av. Gulatinget handlar om å løyse konfliktar gjennom forhandlingar og dialog.

Arrangement

Arrangement Gulatinget kan vere ei verdig ramme rundt viktige hendingar i livet ditt. Tusenårsstaden Gulatinget er open for alle typar arrangement, og vert brukt av arrangørar til konsertar, teater, leirer, vigsel, utfluktar, samlingar med meir. Alle lag, organisasjonar, arrangørar og einskildpersonar er velkomne til å ta Tusenårsstaden Gulatinget i bruk til ulike typar arrangement. Arenaen er velegna til plasskrevjande arrangement med flott natur omkring og har alt du treng for ei vellukka tilstelling.

  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 130

Kontakt

Adresse:
  • Fv7 10, 5966 Eivindvik
  • 5966 Eivindvik
Telefon:
57 78 20 06
E-post:
gulatinget@gulen.kommune.no
Nettside:
gulatinget.no/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Toalett:
Barnevennlig:

Hvor er Gulatinget?