Hopp til hovedinnhold

På Hakallestranda i Vanylven, heilt ute i havgapet sør for Ålesund, finn du Hakalletrappa. Steintrappa er under bygging av sherpaer frå Nepal, men ein kan gå dei første 600 trinna til det første utsiktspunktet. Trappa skal byggast vidare oppover, og målet er at det skal bli 2000 trappetrinn til toppen.

Til toppen av Kragsethornet

Trappa startar på Klovningen og skal gå til toppen av Kragsethornet, 456 meter over havet. Det vil vere benkar undervegs der ein kan ta pause på vegen opp. Når trappa er heilt ferdig, vil trappa vere ca. 1 km lang.

Utsikt mot storhavet

Utsikta frå Hakalletrappa er spektakulær ut mot det mektige storhavet. I sør kan du sjå Stadthalvøya med Vestkapp på toppen. Du ser også til øyriket på kysten mellom Runde og Stadt.

Kjøp ditt eige trinn

Tenk deg å “eige” eitt av dei fantastiske trinna i denne spektakulære sherpatrappa! Det er faktisk mogleg, og du er då med på å finansiere ferdigstillinga av trappa. Det finst faktisk ein eigen "trinnbutikk" der ein kjøper trinn og får bevis på at ein eig ein del av trappa.

Korleis reise dit?

Frå Ålesund tar det ca. 2,5 time å køyre til Hakallestranda. Du tar to ferjer på vegen, først frå Sulesund til Hareid, og deretter frå Larsnes til Åram, eller Årvika-Koparnes. Sjekk ferjetidene på www.frammr.no. Kjem du austanfrå via Stryn, er det ingen ferjer. Køyr mot Nordfjordeid og Måløy, ta av på fv 61 mot Fiskå, og så finn du vegen vidare ut mot storhavet til Hakallestranda.
Parkering finn du like ved trappa, eller langs sidevegen.

Overnatting

Like i nærleiken finn du dei flotte leilighetene og sjøhusa hos Hakallevær. Tunheimsfjøra lodge ligg også berre ein kort køyretur unna.

Andre aktivitetar

På Hakallestranda finn du også den kjende besøksgarden Hakallegarden der små og store dyr går rundt i tunet.

Kontakt

Adresse:
  • 6149
  • Vanylven
Telefon:
E-post:
Nettside:
hakalletrappa.no

Hvor er Hakalletrappa til toppen av Kragsethornet?