Hopp til hovedinnhold

Kloster, krongods og herregard! Den rike historia til området går tilbake til 1163 då klosteret vart grunnlagt av Erling Skakke. Halsnøy kloster omfattar i dag m.a. ruiner av klosteranlegget frå 1300-talet, våningshus frå 1841 og hageanlegg. Gjennom året er det tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag og konsertar. Området ligg vakkert til ved munninga av Hardangerfjorden, og er eit av fleire tun i Sunnhordland museum sine samlingar. Lokala på Halsnøy kloster kan leigast til møter og arrangement. Elles ope etter avtale.

Kontakt

Adresse:
  • Halsnøy Kloster
  • 5455 Halsnøy Kloster
Telefon:
+47 48 13 00 20
E-post:
hkl@sunnhordland.museum.no
Nettside:
halsnoykloster.no/

Hvor er Halsnøy kloster?