Hopp til hovedinnhold

Startpunkt Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 11,9 km til Hammaren. Her er det infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre sida av vegen. Har du bil, parkerer du ved skiltet. Parkering på eige ansvar.

Om turen Frå Hammaren går du først 200 m gjennom skog, seinare mykje på fjell. Flott utsikt ut og inn Hardangerfjorden ved kanten av Langedalen og på toppen av Domben. Du går inn til hytta på Domben, og i småkupert terreng forbi Storafjell. Så er det litt ulendt ned til eit stikryss. Her er det skilta Grønrimb og Gausvik. Du går møt Grønrimb, og etter kort tid er du på stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Parkering: Sjå "startpunkt" Parkeringsavgift: gratis  Lengde: 5,1km Total gangtid: 5t 30 min Sesong: Mai - november Vanskegrad/gradering: Raud, krevjande. 

Kontakt

Adresse:
  • 5626 Kysnesstrand
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 10.1km
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Hammaren - Grønrimb?