Hopp til hovedinnhold

Hardangerbrua er blant dei ti lengste hengebruene i verda.

Du kan gå og sykle ein lett tur over brua og nyte fantastisk utsikt til fjordlandskapet. Dette er ein fin tur også med andre typar hjulbrukarar, men det er stigning til og frå parkeringsplassane til brua, særleg ved Bu.

Sesong: heile året, men avhengig av snø og is. Det kan vera is og glatt, eller vind, i vinterhalvåret.

Start- og endepunkt: Bu (sørsida) og Vallavik (nordsida).

Parkering: På Bu (sørsida av brua), er det parkering, rasteplass, wc og utkikkspunkt til brua, tilgjengeleg også med rullestol. I Vallavik (nordsida av brua) er det parkering og utsiktspunkt til brua.

Tilkomst offentleg transport: Det er busshaldepalss på Bu. Skyss bussrute 990 går mellom Voss og Odda, og stoppar på Bu.

Merking: det står skilta med sykkelveg på Bu og i Vallavik.

Gradering. Dette er ein lett tur, hele vegen er asfaltert. Det er litt stigning til og frå parkeringsplassane til brua, (særleg ved Bu), dette må familar med barn på sykkel og rullestolbrukarar vera merksame på.

Turlengd: Brua er 1380 meter, og avstand til parkeringsplass på Bu er ca 500 meter, til parkering i Vallavik ca 200 meter.

Høgdeskilnad: Det er litt stigning til og frå parkeringsplassane til brua.

Tidsbruk: det tek om lag ein halv time å gå over sjølve brua.

Gode råd: Det er ofte trekk på brua, som gjer at det er ein fin og sval tur om sommaren, men vår og haust bør ein ha varme klede på seg. Det er wc på Bu. Ta gjerne med mat og ha piknikk på den offentlege rastepalssen på Bu.

 

Turomtale, start på Bu:

Frå Kinsarvik: Køyr gjennom Butunnelen, og følg skilt til Oslo i rundkøyringa inne i tunellen. Ute av tunellen, parker ved rasteplassen på Bu.

Frå Eidfjord: Køyr til Bu og parker ved rasteplassen på Bu.

 

Frå parkeringsplassen på Bu, følg skilta til sykkelvegen til Vallavik, og gå ned mot brua. Det er fine utsiktspunkt på veg ned mot brua. Gang- og sykkelvegen går inn på brua gjennom ein vakkert opplyst tunell. På den andre sida av brua er det også ein fint opplyst tunell for gåande og syklande for å kome til utsiktspunkt i Vallavik. 

 

Turomtale, start i Vallavik:

Frå Ulvik: I Vallavik ta av Fv 572 før denne går inn i tunellen, og køyr eit kort stykke  Fv 302 til parkeringsplass.

Frå Voss: køyr gjennom Vallaviktunellen og ta av mot Ulvik i rundkøyringa i tunellen. Ta av etter ca 500 meter på høgra hand, og følg Fv 302 til parkeringsplassen.

Frå parkeringsplassen i Vallavik, følg vegen for gåande og syklande, skilta med sykkelveg til Bu. Gå opp til, og gjennom tunellen for syklaned og gåande på veg til brua. Den er fint lyst opp. På den andre sida av brua er det også ein vakkert opplyst tunnel for å kome opp til utsiktspunkta og rasteplassen på Bu. Det er litt stigning frå brua opp til Bu.

Det er gratis passering for gåande, syklande, moped og motorsykkel.

Kontakt

Adresse:
  • 5780 Kinsarvik
Telefon:
480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 3.5km
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Hardangerbrua gang- og sykkelveg?