Hopp til hovedinnhold
Bestill

Frå Ulvik går turen ut i Hardangerfjorden og vidare inn i to av dei mest særprega fjordarmane i området – Simadalsfjorden og Osafjorden. Allereie frå start passerer du under den imponerande Hardangerbrua, før landskapet opnar seg mot bratte fjellsider, fossar og klårt fjordvatn i Simadalsfjorden.

Vidare går ferda inn i Osafjorden, ein smal og stillferdig fjordarm der vegen tek slutt og fjorden har vore livsnerven i generasjonar. Her ligg veglause grender, fråflytta gardar og eit kulturlandskap som vitnar om eit liv tett på naturen. Guiden deler forteljingar om kvardagsliv, ferdsle og tilpassing langs fjorden – før og no.

Undervegs vert det fleire stopp der du kan ta inn landskapet i ro og mak, fotografera og oppleva stemninga. Det er òg vanleg å sjå både sel og havørn i desse fjordarmane, som trivst i dei rolege og skjerma områda.

Turen gjev ein fin balanse mellom fart og stillheit, og let deg oppleva Hardangerfjorden frå sjøsida – tett på naturen, i trygge former og med rom for både undring og adrenalin.

Sesong: Mai – september

Kontakt

Adresse:
  • Promenaden 3
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 932 04 417
E-post:
post@hardangerfjord-adventure.no
Nettside:
www.hardangerfjord-adventure.no/nb/basar/ulvik

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Hardangerfjord Ultimate RIB safari - Hardangerfjord Adventure