Denne skreddarsydde turen gir ei oppleving du ikkje får om sommaren, og er ei heilt spesiell oppleving å få med seg om vinteren.
For å gjere opplevinga endå betre kan du kombinere turen med eit besøk til badstova på Bakka, etter turen. Her får du også fantastisk utsikt over fjorden.
Turen blir guida av ein av våre kvalifiserte og erfarne havkajakkinstruktørar, og alt nødvendig utstyr, transport og lunsj er inkludert.
Vanskegrad: Enkel
Aldersgrense: 12+
Erfaring: Ingen tidlegare erfaring nødvendig
Varigheit: 5 timar
Dagleg avgang, frå Gudvangen: kl 10:00
Ta med: Varme ullklede, hanskar, sokkar og lue
Merk: Prisen gjeld for minimum to personar. Me treng minst to deltakarar for å gjennomføre guida turar.
Me gjer vårt beste for å få tatt nokre bilete frå turen som du kan få med deg heim!
Vannsport og padling
Havkajakk vintertur, Kayak Voss
Bli med Kayak Voss på ein intim og minneverdig dagstur i det vakre UNESCO-verdsarvområdet Nærøyfjorden. Fjordane her i Noreg er ekstra vakre i vintermånadene. Nærøyfjorden, som vanlegvis er godt besøkt av ferjer, kajakkar, SUP-brett og turistar kvar dag, blir om vinteren forvandla til eit stille paradis med snødekte fjelltoppar og nesten ingen menneske i sikte.
Voss
© Havkajakk vintertur, Kayak Voss
Kilde: Visit Voss
Priser
- Fra:
- NOK 3 300
Kontakt
- Adresse:
- Flyplassvegen 135
- 5704
- Telefon:
- 462 97 937
- E-post:
- kayakvoss@gmail.com
- Nettside:
- www.kayakvoss.net/seakayaking