Hopp til hovedinnhold

Hedleberget på Kyte var i byrjinga av 1900-talet den største arbeidsstaden i Voss kommune. I skiferindustrien på Voss arbeidde det på det meste 400 mann, vel halvparten av dei arbeidde i bråta i Kytesgrenda. Dette var ei viktig inntekt for grunneigarar i området, og avgjerande for utviklinga av lokalsamfunnet.

Frå Voss sentrum køyrer du E16 mot Oslo, ved Coop Extra i Skulestadmoen tar du mot Nedkvitne. Køyr forbi Voss Active og etter eit par hundre meter tar du til høgre mot Almeland. Ta til høgre igjen, inn på Reppavegen. Snart kjem du til eit nytt kryss og på venstre side ser du Voss Bryggeri. Ta til venstre mot Voss Bryggeri. Følg vegen oppover forbi bryggeriet til du ser skilt mot Hedleberget, på venstre side. Tilrettelagt parkering før bommen på vegen.

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Kytesvegen
    • 5706
    • Voss
    Telefon:
    +47 91858381
    E-post:
    post@hedlebergetvoss.no
    Nettside:
    www.hedlebergetvoss.no

    Hvor er Hedleberget?