Hopp til hovedinnhold

Heit Balestrand Sauna på Balestrand Hotell

Badedyra, utsikten, stranda, badekåpene og alt er på plass, men det er noko som har mangla! Balestrand Hotell har lengta etter ein sauna og no er den ENDELEG her! Den står nede på plenen framfor hotellet – heilt på kanten av piren med eit stort vindauge som rammar inn utsikten vi aldri blir lei av. Sidan den står heilt på kanten får ein følelsen av å faktisk sitte ute på fjorden. Saunaen har plass opp til 9 stk samtidig. Ein kan leige heile badstova for seg sjølv, eller bestille drop-in dersom ein har medlemsskap.

Møt opp i resepsjonen på hotellet dersom du ønsker å leige badekåpe (hotellgjester får låne badekåpe gratis). Parker ved hotellet dersom du kjem med bil. Dersom der skulle vere fullt, er det parkering ved gamle kommunehuset rett bort i gata, kun 2 min ganga fra hotellet og saunaen! Kjem du med ekspressbåten eller buss kan du faktisk sjå saunaen langs fjorden på veg inn til kai i Balestrand. Derfra er det rundt 5 minutts gange tilbake til hotellet.

Det er lov med medbrakt drikke i saunaen, men vi ber om at ein unngår drikke med sterk farge (t.d. raudvin)

Ope kvar dag frå 08:00 - 23.00

Pris:

Privat sauna

1-3 personar - 1000 NOK

4-6 personar - 1350 NOK

7-9 personar - 1700 NOK

Drop-in

Ordinær: 250 NOK

Student: 150 NOK

Senior: 150 NOK

Kontakt

Adresse:
  • Kong Belesveg 41
  • 6899 Balestrand
Telefon:
+47 57 69 11 38
E-post:
info@balestrand.com
Nettside:
www.heitbalestrand.com/

Hvor er Heit Balestrand Sauna