Hopp til hovedinnhold
Bestill

På strekninga mellom Odda og Utne, på vestsida av den vakre Sørfjorden, finn du Heit Grimo Sauna. Idyllisk plassert på den historiske kaien i Grimo, kan du nyta utsikta til den frodige naturen og mektige fjella som kjenneteiknar området.

Heit Grimo Sauna er eit sjølvbetjent tilbod, men vil vera ferdig oppvarma og klar til bruk ved ankomst. Førehandstinging av saunaen, som har kapasitet til 9 personar og nyttar elektrisk fyring, er difor naudsynt. I tillegg til sjølve saunaen, er det satt opp ein utandørs dusj med nydeleg utsikt.

Eit tips frå vertskapet er å ta med noko lokal eplemost og/eller sider frå Hardanger som ein kan nyta i saunaen. Då er det ekstra praktisk at du finn parkering (også for bubilar) og daglegvarebutikk eit lite steinkast unna. I området har ein også ei rekke lokale saft- og siderprodusentar som er lett tilgjengeleg med bil og til fots. For dei som ynskjer det, kan ein òg leggja til med båt langs kaien.

Historiske Utne Hotel ligg berre ein kort køyretur unna (4,5 km).

Velkomen til eit friskt fjordbad og ein dampande sauna hjå Heit Grimo!

Kontakt

Adresse:
  • Fjordavegen 3583
  • 5777 Grimo
Telefon:
0047 40476273
E-post:
heitgrimo@gmail.com
Nettside:
www.heitgrimo.no/

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Heit Grimo Sauna?