Startpunkt 5,4 km nord for Jondal sentrum (veg 550), ta av mot Selsvik og så første veg til høgre. Rett etter denne avkjørsla er det ein parkeringsplass med plass til eit par bilar. Parkering på eige ansvar. Her er det også ei infotavle.

Om turen

Start ved infotavle ved vegen. 20 meter lenger framme ser du skiltet til Jonahorn. Turen følgjer foten av eit berg og om litt kjem du til ei trapp for å koma opp på dette berget. Du går vidare i fint skogsterreng med god og tørr sti opp til Jonahorn. Bratt opp den siste kneika. Her kan det også vera ein del glatte røter å trø på. Fin utsikt ned mot Selsvik når du er nesten oppe, og utsikt ut fjorden på toppen.

Parkering: Sjå "startpunkt" Parkeringsavgift: Gratis Lengde: 1,6km Total gangtid: 2 timar  Sesong: mai - november 

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 3.2km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Hellebrotet på Sollesnes - Jonahorn?

Fjord Norways sekundærlogo