Hopp til hovedinnhold

Herdla er eit flott turmål for deg som vil kombinera museumsbesøk og friluftsliv. Turen frå Bergen tek ca. 45 min. På Herdla fort finn du det perfekte utgangspunkt for både å vitja fuglereservatet og restane av den tyske festningen på øya. Her kan du lese meir om Biltur fra Bergen til Herdla.

UTSTILLINGAR:
Museet held til i eit særprega nybygg med panaromautsikt på Herdla fort. Her finst både faste og skiftande utstillingar.

Gul-16 –frå jagarfly til kulturminne
Den 15. desember 1943 tok det tyske jagarflyet «Gul-16» av frå basen sin på Herdla. Rett etter take-off fekk flyet problem og måtte naudlanda på sjøen og sank. 64 år seinare blei det heva og er i dag museet sin hovudattraksjon.

Her kan du lese meir om Bergensregionens andre verdenskrig-historie.

Historie, natur og miljø
Ei fast utstilling fortel om fuglelivet på Herdla. Dei ulike skiftande utstillingane femner vidt og kanomhandla både historie, natur og miljø.

AKTIVITETAR:

Guida turar:
Fram til 2006 var Herdla torpedobatteri eit topphemmeleg forsvarsanlegg. I dag er det fullt utstyrte batteriet freda som kulturminne. Ein guida tur gjennom anlegget er som ei reise tilbake til den kalde krigen. Turen tek ca. ca. 1 time og 15 minuttar.

Fuglekikking:
Herdla er det rikaste og viktigaste fugleområdet i regionen og godt tilrettelagt for besøkande. På museet får du informasjon om ruter du kan gå for å oppleva fuglane utan å forstyrra dei. Museet kan også organisera guida fugleturar. I det flott fugletårnet kan du fotografera, følga med på fuglelivet og nyte nista.

Tur, fiske og bading:
Rundt heile øya finst det gode fiske-og badeplassar. På museet kan du også få tips om turar og andre ting du kan oppleva på øya.

Kafé og museumsbutikk:

Museet har kafé med varm og kald drikke, kaker og snacks.

Det er gratis inngang for born.

Det går buss til Herdla fleire gonger om dagen (rute 400 frå busstasjonen i Bergen til Ravnanger og deretter rute 414 vidare til Herdla).

Muséet opnar på bestilling, også for mindre grupper. Museet er universelt utforma.

    Tider

    mars 2026

    15. mars

    12:00 - 17:00

    Priser

    Under 18 år:
    Gratis
    Student:
    NOK 65
    Voksen:
    NOK 130

    Kontakt

    Adresse:
    • 5315 Herdla
    Telefon:
    970 94 729
    E-post:
    herdla@museumvest.no
    Nettside:
    herdlamuseum.museumvest.no/

    Fasiliteter

    Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
    Sesong:
    • Høst
    • Vår
    • Sommer
    • Vinter

    Hvor er Herdla Museum - Museum Vest