Hopp til hovedinnhold

Herøy kystmuseum er ein viktig formidlar av øya si historie, som har hatt ein sentral plass i regionen i meir enn 1000 år. Staden var ein viktig møtestad allereie i vikingetida, og frå mellomalderen har det vore kyrkjestad med gildestove, prestegard og seinare handelsstad.

I dag husar øya kystmuseet, kyrkjestaden, pilegrimsmål, tur- og naturområde og Herøy amfi, og deltek du på guida omvising møter du omvisarar med rik kunnskap om øya si mangfaldige historie. Dei kjenner staden og menneska sine små og store løyndomar, og saman med dei vil du bli nærare kjent med handelsmannen Sivert Olsen som budde på Herøy og vart ein av Sunnmøre sine rikaste menn.

Opplevingar og aktivitetar

Øya er lita og terrenget er lett å vandre i. Du kan fylgje pilegrimsstien som går langs turstien, eller vandre den asfalterte turvegen til Herøy amfi. Om sommaren kan gjester delta på tidebøn i regi av kyrkja, eller guida kajakkturar i samarbeid med Opplev Runde. Fyrste helga i juli vert olavsspelet «Kongens Ring» synt fram på Herøy amfi, og Sankthans- og olsokaftan serverer vi rjomegraut og tilbyr framsyningar og aktivitetar.

Mat, drikke og butikk

På tunet framfor hovudhuset kan du nyte kystens beste vaflar, fersk kaffi, is og brus frå museumskafeen. I krambua kan du handle gåver, bøker, handverksprodukt, drops m.m. til deg sjølv og andre, i stemningsfulle omgjevnader.

Kystmuseet ligg 1,7 km frå fylkesvegen, og er ein nydeleg stoppestad på veg til Runde og Fosnavåg. Besøkande kan ta seg til øya både med båt og bil.

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo

Tider

Sommar 22.06 - 18.08 2024

Ukedager:
11:00–17:00
Lørdag:
11:00–17:00
Søndag:
11:00–17:00

19.08-29.09 2024

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
11:00–17:00
Søndag:
11:00–17:00

Priser

Vaksen:
NOK 100
Born 0-5 år:
Gratis
Born/ungdom 6-17 år:
NOK 50
Honnør:
NOK 90
Familie (2 vaksne + 3 born):
NOK 300

Kontakt

Adresse:
  • Nautøya 175
  • 6070 Tjørvåg
Telefon:
+47 480 46 338
E-post:
kystmuseum@heroy.kommune.no
Nettside:
www.heroy.kommune.no/heroy-gard-og-heroy-kystmuseum

Fasiliteter

Kafé:
Toalett:
Parkering:
Barnevennlig:
Guiding tilgjengelig:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Herøy Kystmuseum?