Hopp til hovedinnhold

Stien er omkransa av fururabbar og opne myrer. Breistølen (Breien- lokalt) er fjellstølen til dei mange bruka på Indre Nesse. Stølane var i bruk fram til 1955. Fleire av stølshusa er haldne godt i stand enno. Frå Breistølen passerar stien eit bekkefar og fortset i jamn stigning mot Hesjedalsvatnet og Hesjedalsstølen der ein møter rute 3 frå Tenndalen.

Praktisk informasjon

For å kome heilt opp til Breidalen må ein forbi ein bomveg (ta med småpengar)

Startpunkt: Ved infotavla i Breidalen (Euref- koordinat: x678428 y355769)

Sluttpunkt: Ved infotavla i Breidalen(Euref- koordinat: x678428 y355769)

Parkering: Ved infotavla i Breidalen eller ved hovudtavla i Nessedalen, ca 5 km frå rv 55 på Nessane.

Tilkomst: Nessane er 27 km frå Balestrand sentrum på fv 55 i rettning mot Bergen/førde

Merking: Stien er merka med skilt og raude merkjer på steinar og tre

Gradering: Moderat

Kilometer: 3,1 km ein veg

Høgdeskilnad: 300 – 740- 300 moh

Berekna tidsbruk: 4 timar (gangtid opp- ned)

Turen til Hesjedalen går langs ein familievenleg sti i moderat stigning på ein morenerygg opp gjennom Breidalen. Stien er omkransa av fururabbar og opne myrer. Breistølen (Breien- lokalt) er fjellstølen til dei mange bruka på Indre Nesse. Stølane var i bruk fram til 1955. Fleire av stølshusa er haldne godt i stand enno. Frå Breistølen passerar stien eit bekkefar og fortset i jamn stigning mot Hesjedalsvatnet og Hesjedalsstølen der ein møter rute 3 frå Tenndalen.

Hesjedalsvatnet har god aurebestand og er godt eigna for stangfiske.

Kontakt

Adresse:
  • Nessane, Balestrand
  • 6899 Balestrand
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no/sted/142407516

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er Hesjedalen, Balestrand