Hopp til hovedinnhold

Det er lett å skjøne korleis fjellet fekk namnet sitt, aust ryggen dannar mana og nakken på gampen, medan hovudet og mulen stupar ned mot Veitastrond.

Normalveg e1, GV

Gå til sørenden av dammen som demmer opp Tunsbergdalsvatnet. I nordenden av vatnet ligg Noregs lengste brearm, Tunsbergdalsbreen. Vegen vidare mot Hest, Grøndalseggi og Asbjørnsnosi følgjer alle den same vegen gjennom skogen frå dammen. Rett før dammen skrår ein opp i skogen og følgjer ein rydda trase sørover og oppover myrane. Dei ligg vest for den markerte ryggen som strekker seg sørover i forlenging av dammen. Etterkvart traverserer ein i humpete skogsterreng vestover mot hytta som ligg i skoggrensa, men når ein bikkar over toppen openberrar det store skiterrenget seg.

Nonskard, 1300 moh, er neste mål, gå sørvestover opp moderat bratte bakkar der bekkedalar skjer seg ned og dannar det einaste faremomentet. Det bratnar før Nonskard, kryss midt på den svake ryggformasjonen opp her, når ein kliv opp på ryggen får ein utsikta som vil følgje ein nordover mot Hest. Ein bratt passasje på kulen rett nord for Nonskard vert vurdert, før ein held god avstand til dei normalt enorme, austvende skavlane bortetter ryggen. Dårleg sikt er ein uting på slike ryggar og gjev god grunn til å snu i Nonskard. Litt opp og ned bortetter ryggen gjev nokre høgdemeter ekstra, før siste bakken opp til toppen som er bratt og utsett. Eit snøskred her kan verte ei ferd på 1600 høgdemeter ned Utledalen. Dei fleste vel å setje frå seg skia før toppen på ein eigna stad, gjerne heilt nede i skaret.

Ned igjen same vegen.

Fakta:

Tid opp/ned

4-8 timar

Sesong:

November – mai

Farar:

Skavlar heile vegen nordover frå Nordskar, utgliding på toppen.

Lengde ned køyring:

1300 høgdemeter

Brattaste punkt:

30 grader (1280-1300 moh), 35-45 grader (1480-1600 moh)

Tips: Dette er ingen dårlegverstur, då det er fort å rote seg utover skavlar mot Leirdalen i dårleg sikt. Om tilhøva tillèt det, kan ein vurdere mange alternative nedturar heimatt. Om ein er «berre» skiskreiing ein er ute etter, snur ein etter Nonskar ein stad.

Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25-30 grader vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan ha påverka grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ei risiko.

 

Kjelde: Friflyt.no

Kontakt

Adresse:
  • Skiløype Leirdalen IL Bjørn
  • 6868 Gaupne
Telefon:
E-post:
post@breogfjell.no
Nettside:
www.friflyt.no/topptur/skiturer-sogn/turbeskrivelse-hest

Hvor er Hest Topptur Leirdalen?