Hopp til hovedinnhold

Hestad Kapell står støtt på den smale landtunga som deler Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden. Øyratangen, som i dag er landskapsvernområde, er ein heilag stad med røter langt tilbake i tid. Ein bautastein frå jernalderen vitnar om førkristen bruk av staden. Segna fortel at det stod ei kyrkje her alt på 1100-talet, men den første skriftlege kjelda som nemner kyrkja er frå 1327. I 1805 vart den gamle stavkyrkja riven og erstatta av eit nytt kyrkjebygg.

Kapellet frå 1805 har bevart mykje av sitt opphavlege utsjånad og materialar, inkludert stavar og andre restar frå den tidlegare mellomalderkyrkja i tårn og våpenhus. Frå stavkyrkja kommer også døypefonten som er hoggen i kleberstein og vert datert til perioden 1250–1350.

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet

Ferdast du langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet, er dette ein fin stad å stoppe. Dette er eit vakkert kulturminne omgitt av ein stemningsfull gammal gravplass. Hestad rasteplass, som ligg om lag 300 meter frå kapellet, gir høve til bading, grilling og piknik i idylliske omgjevnader. Hestad kapell ligg rundt 9 km frå Sande sentrum langs FV610.

Omvising og opningstid

Fortidsminneforeningen har eigd kulturminnet Hestad kapell sidan 1917. Kapellet er ope for publikum i juli, og den romantiske kyrkja er òg ei populær vigslekyrkje som kan leigast til bryllaup og andre arrangement.

Kontaktperson for Hestad Kapell, og for bestilling av omvising for grupper heile året er Åshild Kjelstad Seljesæter.

Tider

juli 2026

01. juli

11:00 - 16:00

Kontakt

Adresse:
  • 6837 Sande i Sunnfjord
Telefon:
+47 90 59 09 96
E-post:
asksel@online.no
Nettside:
fortidsminneforeningen.no/museum/hestad-kapell/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Barnevennlig:
Toalett:
Parkering:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Hestad Kapell