Hopp til hovedinnhold

Startpunkt Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter ca 6 km har du Hestadalen og ein stor parkeringsplass på høgre sida. Her er det skilta Breidsete. Parkering på eige ansvar.

Om turen

I lett fjellterreng går du forbi Hestadalen og svingar mot vest og over Svartavassleite. Du kjem til eit retningsskilt ved Svartavasstjørna og går ned mot Svartavatnet. I god sti går du langs nordsida av Svartavatnet fram til stølen Osadal. Her er det skilta vidare over ei bru, og resten av turen går langs sørsida av vassdraget: Ned til Gamle Osadal, langs Osadalsvatnet og vidare ned og langs Langavatnet. For å koma ned til Grytingsvatnet må du over ei høgd som vert kalla Klippe, og her er det eit skilt som viser opp til Klippe. Ned til Grytingsvatnet er det bratt, og du går langs Grytingsvatnet til eit stikryss. Her er det skilta Flatabøgryting og Breidsete. (Flatabøgryting er stølen du ser på andre sida av vatnet). Frå stikrysset går du vidare mot Breidsete, først bratt ned til Jondalstjørnane og langs desse og vidare bratt ned fossane. Siste delen av turen går langs elva i noko myrlendt terreng før du kjem til stølen Breidsete, der det er informasjonstavle for turane i området. Turen går langs mange vatn der det er fint å fiska.

Parkering: Sjå "Startpunkt" Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgift for å køyre til parkeringa.  Lengde: 8,3km Gangtid: 4 timar kvar veg Sesong: Juni - Oktober  Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Raud, krevjande 

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 8.3km
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Hestadalen - Breidsete?