Hopp til hovedinnhold
Bestill

Folgefonna bretur er ein av Noregs "Historiske vandreruter", og akkurat denne turen over breen har ført ein turiststraum til området i over 200 år.  Sidan 1800-talet har turistar vore fasinert av vandre- og breturen over Folgefonna. Turen startar i Sundal i Mauranger og endar i Odda. Denne unike vandreturen består av kontrastar i verdsklasse. Fjordlandskap, fossefall, breføring, panoramautsikt og lokale historiar.

Du startar i Sundal på kaien, og føl den merkte turistruta til Fonnabu, som er ei DNT-hytte nær breen, 1450 moh. Den fyrste delen av turen går på den gamle Isvegen som vart bygd i 1863 – ikkje for turistane, men for å frakta is med hest og kjerre ned til fjorden. Derifrå vart isen skipa til by og bygd langs kysten, og eksportert til utlandet.

Neste dag vil breførarar gje deg ei eventyrleg oppleving med breføring over Folgefonna bre frå Fonnabu til Holmaskjer som er ei anna DNT-hytte på andre sida av breen. Etter lunsj på Holmaskjer går du ned frå 1565 moh til Odda sentrum. Dagen er over og du blir frakta tilbake til Rosendal, og får servert ein deilig middag på Rosendal Turisthotell. Her kan du slappe av og nyte utsikta over fjorden.

Neste dag anbefalar me at du etter frukost besøkjer Baroniet Rosendal og den flotte rosehagen. Pris, sesong og kva denne inkluderer: ta kontakt med Folgefonni Breførarlag på nettsida deira www.folgefonni.no  

  • Facebook logo

Priser

Fra:
NOK 2 490

Kontakt

Adresse:
  • Sundal
  • 5476 MAURANGER
Telefon:
+47 95 11 77 92
E-post:
post@folgefonni-breforarlag.no
Nettside:
www.folgefonni.no/tours/glacier-crossing-2-days

Fasiliteter

Varighet:
  • Flerdagstur
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Total stigning:
  • 1600m
Sesong:
  • Sommer
Terreng:
  • Isbre
  • Fjellområde
  • Nasjonalpark

Hvor er Historisk brevandring i moderne drakt - guida tur?